Føresetnad for leige av Vangshallen

1. Ved leigeforhold der det er snakk om overnatting i bygningsmassen er ansvarleg leigetakar pliktig til å ha vakne nattevakter. Det må fyllast ut eige skjema som må sendast til Valders Brann og redningstjeneste IKS. Skjema finn du her: melding om overnatting

2. Max antall personar i Fleirbrukshallen er 1200. Ved arrangement med fleire enn 600 personar er det spesielle vilkår. Kontakt admin.

3. Anlegget skal forlatast i same stand som det var før arrangementet tok til.

4. Lånte nøklar/nøkkelkort skal leverast tilbake til vaktmeister så snart som råd etter arrangementet, eller etter at leigeforholdet er avslutta for semesteret.

5. Området på innsida av porten er BILFRITT. Bil kan kun nyttast til varetransport inne på området. Når slik transport er gjort skal bilen parkerast på P-plassen. Unntak er sjølvsagt for rørslehemma. Bilen skal då være merka med HC-skilt.

6. Leigetakar er økonomisk ansvarleg for ting/utstyr som blir borte/øydelagt under arrangementet.

7. Leigetakar skal rydde opp etter seg, og turrmoppe golva. Leigetakar vil få rekninga om ein må leige inn folk til å vaske/rydde etter arrangementet.

8. Leigetakar skal sortere avfall og frakte det til tilviste søppelrom.

9. ​Ved utløyst brannalarm skal prosedyrene som er oppslått ved alle rømningsvegar følgast. ​​

VIKTIG: Det er strengt forbode med stiletthælar inne på parkettgolvet i hallen og i speglsalen. Det same gjeld for sko med svarte sålar. Begge desse skotøya  øydelegg golva.  Om dette likevel skulle skje vil ansvarleg leigetakar bli stilt til ansvar økonomisk.

Ansvarserklæring

Klatreveggen og symjehallen i Vangshallen
Ved å godta ansvarserklæring erkjenner du at:

1. Klatring er ein risikoaktivitet som utøvas på eiget ansvar.

2. Du påtek deg fullt ansvar for eigen aktivitet i klatreanlegget.

3. Veggeigar kan ikkje haldast ansvarleg for tap eller skade i samband med vanleg klatring.

4. Du må følgje reglane for sikker klatring som beskrevet i klatrevettplakaten under opphald i anlegget.

5. Du må gjere ditt beste for å ivareta eigen og andre si tryggleik i klatreanlegget.

6. Du må innrette deg etter instrukser frå personalet der du klatrar.

7. Du må be om rettleiing ved einkvar tvil om bruk av anlegg eller utstyr

8. Aktløyse eller regelbrudd kan medføre bortvising, grove eller gjentekne tilfeller kan medføre inndradd sikringskort.

9. Ulykkesforsikring som inkluderar klatring må sytast av deg sjølv.

10. Sikkerheitsmessige feil ved anlegget skal straks meldast til personalet.

11. Når du som myndig let nokon utan kort sikre under tilsyn av deg, påtek du deg ansvar for tryggleiken til alle involverte.

VIKTIG: Ved bruk av symjehallen krevst det at ein har livredningsprøve og fungerer som badevakt under aktiviteten.

Sikkerheit

 

 

 

 

 

 

Hallen har skadestue, her finn du:

Seng

Rullestol

Ryggbrett

Fyrstehjelpsutstyr

Hjartestartar

Nødplakatar